fredag 15. mai 2009

Grisungen

Det var då eg hiva grisungen i fraukjellaren at bestefar fekk nok. Holet i midten på utedassen passa akkurat for grisehiving. Grisen hylte og sumde for livet, det var eit spetakkel utan like. Bestefar fiska han opp att, så det enda ikkje med dødsfall. Men bestefar hadde fått nok. Grensa var nådd, og den stinka.

Ein kunne vel alltids vera heime i ferien.